Quantcast
Channel: kommentarar til: Øving gjer mester
Viewing all articles
Browse latest Browse all 2

Av: Alt godt

$
0
0

Kjøkkenvekt er viktig, den er gull verd for meg. Når eg skal vege opp smør set eg bakebollen (eller gryta viss det skal smeltast) på vekta, og nullstiller den. Så har eg i smøret, og får rett mengde. Så ei kjøkkenvekt med tilvegingsfunksjon er det du treng.

Viss smørmengda er oppgitt i dl, og du har fast smør, har eg eit triks, der Arkimedes si lov er involvert: Fyll eit litermål opp med kaldt vatn til 1 liter minus det volumet du skal ha. (Skal du ha 2,5 dl smør, så fyll litermålet opp med 7,5 dl kaldt vatn.)Slepp smøret oppi i bitar litt og litt, og når du har nådd ein liter har du rett smørmengde. Så er det berre å fiske opp smøret, la det renne av og ha det i bollen eller gryta. Smart?

Lik


Viewing all articles
Browse latest Browse all 2